0 : NOK 0,00 (eks. moms/excl. VAT)NOK 0,00 (inkl. mva/incl. VAT)
Gå til bestilling/Check out
Gå til bestilling/Check out
No items in shopping basket.
Klæbo, Jon: Nordlandsliv. Utg. Hans H. Skei
Varenr. / Item num.: 100679
NOK 245,00NOK 245,00
Legg til / Add
Tekstar frå Nordland
Jon Klæbo (1839–1874) var fødd på Glein på Dønna. Han tok lærareksamen ved seminaret i Tromsø i 1859. Etter ei tid som huslærar i Lyngen reiste han til Christiania der han tok examen artium i 1864 og førebuande prøver til universitetet året etter. ...
Detaljer/Details
Klæbo var djupt religiøs, og tok tidleg landsmålet i bruk sjølv om han skreiv artiklar og bokmeldingar på dansk. Skrivinga tok etter kvart mykje tid, og ved sida av arbeidet som lærar, blei det lite tid til teologistudiet. Tæringssjukdomen mot slutten av 1860-åra gjorde at han i 1871 måtte flytte til Hardanger i håp om å bli frisk. Han døydde like før 35-årsdagen, og er gravlagd på Kinsarvik kyrkjegard.
Nordlandsliv inneheld dei litterære tekstane Klæbo skreiv om og frå Nordland – det aller meste på landsmål og det meste klårt rotfesta i det landskapet han reiste frå og sakna sårt. Boka inneheld også ein omfattande biografi om Klæbo. Språkleg er tekstane ført over til moderne nynorsk. Utgåva er ved Hans H. Skei, som sjølv kjem frå Dønna.
Innhold Forord
Jon Klæbo – liv og dikting Innleiing: Om forvaltinga av Jon Klæbos biografi og dikting Jon Klæbos biografi Utvalet av dikt og forteljingar
Dikt For Nordland Nordland Nyttårshilsen til Helgeland Ho mor får lofotfolket sitt heim Innmed land Borte frå heimen Gleinssongen Nordlandsliv Til min mor Til pastor Dometius
Forteljingar To dagar i Nordland Ho Dun-Sesel Til Jul På reina – over fjorden
«Nye» tekstar av Jon Klæbo Ei rispe frå Nordland Brev frå Nordland (1) Brev frå Nordland (2) Brev frå Lofoten 129
Tilleggsmateriale – tekstar om Jon Klæbo Olav Lofthus: Eit minneblad Margreta Lutro: Jon Klæbo i Hardanger Hans B. Klæboe: Noko om Glein – fødestaden til Jon Klæbo Samla oversyn over tekstar av Jon Klæbo Litteraturliste
ISBN 978-82-8390-009-5, 148 sider, heftet
Format: 14x22 cm, vekt 0,3 kg, publiseringsår 2018, språk: nynorsk
This webpage use cookies to store what products you have added to your shopping cart. By continuing without changing your browser settings, we assume you give your consent to receive cookies.
Novus AS | Mobil/Phone no:: +47 22717450 | novus@novus.no |